EU Sustainable Energy Week 2017

20.–22. juni vart EU Sustainable Energy Week (EUSEW 2017) arrangert i Brussel. Vestlandsforsking deltok med tre forskarar som vart oppdaterte på kommande satsingar i EU på fornybar energi og energieffektivisering.

 Det er Europakommisjonen som står for arrangementet som har vore arrangert kvart år sidan 2006. Konferansen legg vekt på å syne fram gode eksempel og initiativ som bidreg til energieffektivitet og fornybare energiløysingar. Målet med konferansen er å spreie gode eksempel, inspirerer til nye idear og bygging av nettverk som bidreg til at EU når sine klima- og energimål.

Sentrale tema for konferansen i 2017 var om korleis EU kan ta ei leiande rolle innan fornybar energi, EU si satsing på energieffektivisering og korleis ein skal få til energiomstilling i EU. Vestlandsforsking sine forskarar deltok på konferansen for å skaffe oversikt over kommande utlysingar i EU sitt største forskingsprogram H2020, og for å knyte kontakt med relevante partnarar i framtidige forskingssamarbeid i H2020. Det vart ei hektisk veke med fleire møter med både næringsliv, offentlege etatar, representantar frå EU-kommisjonen og andre forskarar, alle med interesse for internasjonalt FoU-samarbeid om fornybar energi og energieffektivisering.

Norges Forskningsråds PES midler, H2020 – støtte til reiser og profilering, ble brukt til å dekke kostnader knyttet til reise. 

Les meir om EUSEW her: http://eusew.eu/

 

Member Login
Welcome, (First Name)!

Forgot? Show
Log In
Enter Member Area
My Profile Not a member? Sign up. Log Out