Nettverksmøte om konkurransekraft gjennom innovasjon og digitalisering

Alle veit at ein må henge med og omstille seg i ein digital verden. Men kva betyr det eigentleg?

 I Sogn og Fjordane er landbruk, fiskeri- og havbruk, fornybar energi og reiseliv næringar som gjennom Verdiskapingsplanen blir vurdert til å ha størst potensiale for vekst i arbeidsplassar og folkeauke i fylket. Korleis kan vi auke vår konkurransekraft gjennom digitalisering?

VRI4 Sogn og Fjordane inviterer bedrifter, verkemiddelapparat og andre interesserte til nettverksmøte om innovasjon og digitalisering.

Møtet er retta inn mot bedrifter frå alle VRI4 sine satsingsområde, både fornybar energi, landbruk, reiseliv og sjømatnæringane, og dei som er teknologileverandørar til desse bransjane.

Nye digitale løysingar kan styrke konkurransekrafta til alle desse næringane. På møtet ynskjer me ei blanding av bedrifter med problem og utfordringar, og bedrifter som kan ha forslag på løysingar, og som kan tenke seg å utvikle nye løysingar for andre.

Kanskje kan det vera fleire bedrifter som har dei same utfordringane, og som kan nytte same løysing? Kanskje kan dette til og med skje på tvers av bransjar? Og kanskje er det bruk for FoU (forsking og utvikling) for å utvikla løysingane. I så fall står VRI4 klar til å bidra med hjelp og støtte.

Møtet finn stad på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 11. desember kl. 1200-1800. Det er gratis å delta. Sjå program og meir informasjon. Påmelding innan 6. desember til trond.haavik@segel.no.

Member Login
Welcome, (First Name)!

Forgot? Show
Log In
Enter Member Area
My Profile Not a member? Sign up. Log Out