PROSJEKTVERKSTAD IKT OG BEREDSKAP

På den første prosjektverkstaden i nettverket vart internasjonalt samarbeid om IKT og beredskap sett på agendaen.

Horisont 2020 er EUs forskings- og innovasjonsprogram. Programmet har eit budsjett på 80 milliardar euro for perioden 2014-2020. Det skal støtte forsking og innovasjon med stor samfunnsnytte. Norske søkjarar stiller på lik linje med søkjarar frå EU-land.

Forskningsrådet har no gitt støtte til etableringa av EU-nettverk Sogn og Fjordane. Målet med det nye nettverket er at forskarar, offentlege etatar og næringsliv i fylket saman skal bli betre rusta til å delta i Horisont 2020.

Den første prosjektverkstaden i nettverket vart gjennomført 31. mai. Moglegheiter i H2020 for internasjonalt forskingssamarbeid innan IKT og beredskap var tema for samlinga. Representantar både frå Forskingsrådet, Paneda, Fylkesmannen og Vestlandsforsking bidrog med sine erfaringar og kompetanse i nettverksmøtet.

Henning Maagerud, seniorrådgjevar i Forskingsrådet informerte om korleis H2020 bidreg til internasjonalt samarbeid om beredskap, og om kva moglegheiter det er for IT-sektoren i neste arbeidsprogram.

Geir Gjørsvik, CEO i Paneda orienterte om kvifor dei ønskjer å «go global», om kva H2020 er for dei og deira erfaringar med søknadsprosessen i H2020. Paneda arbeider med Digital Radio (DAB+) og sikkerheitssystem i tunnelar og bygningar.

Haavard Stensvand, Fylkesberedskapssjef ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane orienterte om arbeidet med beredskap i fylket og kva kunnskap som trengst.

Rajendra Akerkar, professor ved Vestlandsforsking orienterte om pågåande prosjekt ved Vestlandsforsking både innan sosiale medier og beredskap, og innan stordata og transport. Han orienterte om nye moglegheiter for H2020-prosjekt innan IKT og beredskap, og ga tips til korleis utvikle prosjektsøknadar, etablere nettverk og involvering av sluttbrukarar.

Eit 20-tals representantar frå næringsliv, offentlege etatar og FoU-institusjonar i regionen deltok på den første prosjektverkstaden. Målet var å starte arbeidet med å utvikle prosjektidear til konkrete utlysingar i H2020, og at vi saman kan utvikle ideane til solide prosjektsøknader som kan utløyse forskings- og innovasjonsstøtte frå EU.

Videosending av prosjektverkstaden finn du her: https://www.youtube.com/watch?v=vgfxJuFOh3Y

Det er Norges Forskningsråd som finansierer nettverkaktiviteten og som har gitt støtte til det regionale EU-nettverket for Sogn og Fjordane.

 

Member Login
Welcome, (First Name)!

Forgot? Show
Log In
Enter Member Area
My Profile Not a member? Sign up. Log Out