Suksesshistorie: n-link frå Sogndal samarbeider med dei fremste robotforskarane i verda

Suksesshistorie:

Samarbeider med dei fremste robotforskarane i verda

 

Gjennom EU-prosjektet Hephaestus får gründerane i nLink verdifulle kontaktar i nokre av dei tyngste forskingsmiljøa i verda.

 

Om nokre år kan ein kabelrobot ta den tunge, farlege jobben med å balansere på bygningsfasadar for å montere fasadeplater og vindauge. Det er målet med prosjektet Hephaestus, som har fått over 40 millionar kroner i EU-støtte.

KONRAD FAGERTUN er sjef for forretningsutvikling i Nlink

KONRAD FAGERTUN er sjef for forretningsutvikling i Nlink

Prosjektet har ni partnarar. Store, tunge forskingsmiljø som tyske Fraunhofer og Technische Universität München. Med på laget er også nLink i Sogndal, den vesle gründerbedrifta som har spesialisert seg på nøyaktig posisjonering av nettopp robotar i byggjebransjen.

nLink har vunne prisar og fått anerkjenning for å vere mellom dei aller første som produserer robotar for kommersiell bruk på byggjeplassar.

– Det er mange som forskar på robotar for byggjebransjen, men på dei store forskingsinstitutta endar det ofte i ei master- eller doktorgrad. Vi er opptekne av å kommersialisere den kunnskapen som finst, seier innovasjonssjef Konrad Fagertun i nLink.

 

Krevjande søknadsprosess

Horisont 2020-programmet har mellom anna som mål at forskingsprosjekta skal bidra til konkurransedyktig næringsliv i Europa. Derfor er det ein fordel for prosjekta å ha kommersielle bedrifter med på laget.

nLink vart invitert med i Hephaestus-prosjektet før søknaden om EU-støtte var skriven, og var med på utforminga av søknaden. Det tok eit år.

– Det kjentest som vi søkte om å verte OL-arrangør, seier Konrad Fagertun.

Det spanske forskingsinstituttet Tecnalia er koordinator for prosjektet. Fagertun fortel om kor nøye dei erfarne søknadsskrivarane var på dokumentasjon i alle delar av søknaden.

– For å lukkast med ein slik søknad må du vere ekstremt god på å dokumentere nytteverdien av prosjektet. Du må vise kva som er nytt, få fram effekten for samfunnet og for bedrifter i Europa, og dokumentere korleis det kan betre helse og miljø, forklarer han.

 

Vil revolusjonere byggjebransjen

Medan andre partnarar i prosjektet har fleire tusen tilsette, nærmar nLink seg 14. Å vere liten kan ha sine fordelar.

– Vi har vore raske til å lage noko kult når vi har hatt lyst, seier Fagertun.

Målet til gründerane i Sogndal er ikkje mindre enn å revolusjonere byggjebransjen. Medan fleire andre bransjar har automatisert og brukt robotar i mange år, er det i byggjebransjen framleis menneske som tek dei tunge løfta og gjer dei einsformige, rutineprega jobbane.

– Det er strengt teke ingen som har lyst til å bere tunge sekkar med sement eller bore tusen hol i taket. Dei som endar opp med å gjere slike oppgåver, har ikkje lyst dei heller, seier Fagertun.

cable robot.png

Derfor utvikla nLink verdas første robot som kan bore hol i betongtak, til glede for montørar som no kan sleppe ømme nakkar og vonde skuldrer etter å ha stått bøygde oppunder taket for å gjere jobben manuelt.

Når nLink no er del av eit EU-prosjekt med åtte samarbeidspartnarar, må dei vere meir tålmodige enn dei brukar.

– Eit EU-prosjekt er ikkje berre, berre. Alt skal dokumenterast, og det følgjer med eit stort ansvar for riktig bruk av skattebetalarane sine pengar. Å samarbeide med store aktørar tek også tid, og det er ganske tunge prosessar. Det tek tre-fire år før vi har ein prototyp. Aleine hadde vi kanskje greidd det raskare, men det hadde ikkje vorte like bra. Det er veldig lærerikt å sjå kor grundig dei store aktørane jobbar, seier Fagertun.

 

Får verdifullt nettverk

Ein verdifull konsekvens av prosjektet, er nettverket nLink får.

– Vi møter sjefar hos dei store aktørane som vi ser opp til, folk som kan ekstremt mykje og har jobba med robotikk i 20-30 år. Dei anerkjenner det vi gjer og har same visjon som oss – visjonen om at det skal kome mykje robotikk på byggjeplassane. Vi har allereie snakka om moglegheita for nye samarbeid, seier Fagertun.

I dag vert vindauge og plater heiste opp med heisekran, medan menneske står i stillas for å ta imot og montere. Roboten som nLink no er med på å utvikle kjem til å vere festa med kablar til kvart hjørne av bygget, og ved å stramme ulike vinsjar kan han bevege seg rundt på bygget og gjere monteringsjobben. Han veit nøyaktig kvar kvart vindauge og kvar veggplate skal festast, takka vere posisjoneringssystemet til nLink.

Etter at bygget er teke i bruk, kan roboten ta seg av vask og vedlikehald av fasaden.

 

cable robot 2.png

Vil motverke sosial dumping

Konrad Fagertun har inntrykk av at byggjebransjen tek imot robotikken med opne armar.

­– Vi tek ikkje bort handverkarane og ingeniørane. Det vil framleis vere bruk for fagkunnskapen, seier han.

Robotar vil gjere jobben fysisk lettare, men samstundes kan krava til teknisk kompetanse verte høgare. Gründerane i nLink trur det vil gjere bransjen meir attraktiv, og mindre utsett for sosial dumping, skader og høgt sjukefråvær.

Fagertun samanliknar med jordbruket, der både traktoren og mjølkeroboten er kjærkomne hjelpemiddel.

– Bonden har ein tryggare, lettare og betre jobb enn for femti år sidan. Du ser ikkje ein bonde som saknar hesten, seier han.

 

Av Laila Borge

Member Login
Welcome, (First Name)!

Forgot? Show
Log In
Enter Member Area
My Profile Not a member? Sign up. Log Out