Back to All Events

EU-nett SFJ prosjektverksted i energi, miljø og transport

  • Knaken kafé og kulturformidling Kaupanger Sogn og Fjordane (map)

Horisont 2020 er verdas største arena for forskings- og innovasjonssamarbeid. Duer invitert til prosjektverkstad saman med andre aktørar i fylket som har interesse og mål om H2020-prosjekt.

Tema er energi, klima og transport i Horisont 2020 og relevans til Sogn og Fjordane torsdag 26. oktober 2017.

Det er det nystarta EU-nettverket for Sogn og Fjordane som inviterer til samlinga, og du er velkommen til å bli ein del av nettverket. Deltakarar frå offentleg sektor, næringsliv og FoU-miljø er invitert. Hovudtemaet på prosjektverkstaden er energi, klima og transport i H2020 med relevans til Sogn og Fjordane region.

 

Påmelding her

Navn *
Navn

Program av prosjektverkstad:

Energi, klima og transport i H2020 AP 2018-2020 og relevans til Sogn og Fjordane  

9:00

Mingling og kaffe

9:30 – 9:35

Velkommen v/ EU-nett Sogn og Fjordane

9:35 – 9:40

EU-nettverk for Sogn og Fjordane:  Samarbeidsmoglegheiter for bedrifter, offentlege etatar og FoU-miljø i Horisont 2020, v/Zuzana Nordeng, EU-seniorrådgjevar

9:40 – 10:25

Horisont 2020 som arena for internasjonalt samarbeid om energi, klima og transport  - moglegheiter i neste arbeidsprogram for 2018 – 2020.  Kva er relevant for aktørar i Sogn og Fjordane?  v/ Janicke Anne Giæver, NCP for Climate action, environment, resource efficiency and raw materials, Verena Hachmann, NCP for Smart, green and integrated transport og Maan Singh Sidhu, NCP for næringsliv, Norges Forskningsråd (NCP = National Contact Points for Horisont 2020)

10:25 – 10:40

Horisont 2020: SME Instrument og "Fast Track to Innovation» (FTI)

v/ Karianne Kojen Andersen, EU Rådgjevar for Hordaland/ Sogn og Fjordane frå Innovasjon Norge vil fortale om moglegheiter for små og mellomstore bedrifta i den nye konkurransepakken.

10:40 – 10:45

Kort pause

10:45 – 11:00

Energi, klima og transport - Relevante tema ved Vestlandsforsking for H2020

v/ Carlo Aall, forskingsleiar Vestlandsforsking

11:00 – 12:00

Tre innlegg om tips og moglegheiter for deltaking i H2020:

·        Har du ein FoU-utfordring i bedrifta di? Korleis finne fram til FoU-aktørar og finansieringsordningar? v/ Trond Haavik, leiar av internasjonale operasjonar i Segel AS. Trond Haavik vil også orientere om EU- prosjektet COHERENO (Collaboration for housing nearly zero-energy renovation) om oppgradering av bustader.

·        Moglegheiter for forskingsprosjekt om korleis få til lågare regionale CO2 utslepp, og samarbeid med EERA (European Energy Research Alliance) v/ Valeria Jana Schwanitz, miljøforskar ved Høgskulen på Vestlandet. Ho vil også dele sine erfaringar med evaluering av H2020 prosjektsøknader. Kva er viktig å ha på plass i ein søknad som skal gjennom eit trongt nålauge?

·        Tips til korleis utvikle prosjektsøknadar, etablere nettverk og involvere sluttbrukarar v/ Otto Andersen, forskar ved Vestlandsforsking. Han vil også orienter om eit nytt H2020-prosjekt som startar opp i haust: ENABLING (Enhance New Approaches in BioBased Local Innovation Networks for Growth) om bioøkonomi.

12:00 – 12:30

Lunsj

12:30 – 13:30

Prosjektverkstad: Gruppearbeid om etablering av H2020-prosjekt innan energi, klima og transport. Samarbeid om felles interesse og moglegheiter i H2020. Gruppearbeidet vert leia av rådgjevar frå Forskningsrådet.

13:30 – 13:40

Kort kaffipause

13:40 – 14:40

Presentasjonar av gruppearbeid

14:40 – 15:00

Oppsummering gruppearbeid og vegen vidare

 

Member Login
Welcome, (First Name)!

Forgot? Show
Log In
Enter Member Area
My Profile Not a member? Sign up. Log Out