Lemo

Lemo er et prosjekt vil studere og analysere store data i det europeiske transportdomenet, særlig med hensyn til fem transportdimensjoner: modus, sektor, teknologi, policy og evaluering. LeMO vil oppnå dette ved å gjennomføre en rekke case-studier for å gi anbefalinger om forutsetningene for effektiv stor dataimplementering på transportområdet. Prosjektet er koordinert av Vestlandsforsking i Sogndal. 

FEKK EU-STØTTE TIL PROSJEKT OM STORDATA

 

– Skap det beste teamet du kan førestille deg, og skriv ein god søknad, anbefaler Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking. Hans søknad fekk gjennomslag i Horisont 2020.

 

Horisont 2020 er verdas største forskingsprogram med 80 milliardar euro fordelt på sju år. Likevel er det ikkje lett å sleppe gjennom nålauget til EU-kommisjonen. Professor Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking er mellom dei som har lukkast. Søknaden han skreiv resulterte i 1,4 millionar euro til eit treårige prosjektet som skal sjå på korleis store data – big data – kan forbetre transportsystema.

Vestlandsforsking er koordinator for prosjektet. Som partnarar har dei med seg Goethe Universität i Frankfurt, den belgiske samanslutninga av transportorganisasjonar Corte, det internasjonale advokatfirmaet Bird & Bird og det nederlandske forskingsinstituttet Panteia. Rajendra Akerkar brukte tid på å finne fram til dei rette samarbeidspartnarane.

– Det aller viktigaste er å få med seg gode folk. Ikkje dei du er best vener med, men dei som har best kompetanse og er i stand til å finne gode løysingar, seier han.

Prosjektet fekk ekstrapoeng frå EU-kommisjonen for å ha med seg ein juridisk partnar som kan vurdere personvernet og sikkerheita ved bruk av store data.

 

SER FRAMTIDA I STORE DATA

PROSJEKTET HAR FÅTT NAMNET LEVERAGING BIG DATA FOR MANAGING TRANSPORT OPERATIONS – LEMO.

Målet er å finne ut korleis store data kan brukast i utviklinga av framtidas transportsystem. Det finst enorme mengder relevante data som kan brukast til å føreseie kvar det er størst behov for kollektivtransport eller korleis syklistane vil oppføre seg på nye sykkelvegar. Sanntidsinformasjon kan også fortelje oss kva vegar som er stengde på grunn av uvêr og kvar det er ledige parkeringsplassar. Rajendra Akerkar meiner auka bruk av desse dataa kan gje store fordelar for både enkeltmenneske og samfunn.

– Transportsektoren har store utfordringar, men store data gjev også mange spennande moglegheiter. Vi skal kartlegge teknikkar og data som er nyttige for vurdering av energieffektivitet, sikkerheit, klima, teknologi, politikk og intelligente transportsystem, fortel han.

Han trur prosjektet vil resultere i nye forskingsprosjekt og forretningsmodellar.

 

GODE RÅD TIL SØKJARAR

RAJENDRA AKERKAR RÅR ANDRE TIL Å STUDERE DET NESTE ARBEIDSPROGRAMMET TIL HORISONT 2020.

– Om du vil søkje støtte, må du studere det feltet du ønskjer å jobbe med nøye. Då eg ville løyse transportproblem, måtte eg vite akkurat kva som var hovudproblema på feltet og bruke dette i søknaden, fortel han.

Han anbefaler å nytte høvet til støtte frå Forskningsrådet undervegs. Forskningsrådet gjev mellom anna finansiell støtte til nettverksbygging og søknadsskriving.

Når han har funne fram til dei best moglege samarbeidspartnarane, og fått informasjon og innspel frå dei andre, føretrekkjer Rajendra å skrive heile søknaden sjølv. Då han skreiv søknaden til Horisont 2020, hadde han allereie god erfaring med søknadsskriving. Her er hans råd til søknaden:

·       Ein søknad skal ikkje skrivast som ein forskingsartikkel. Skriv ikkje for teknisk. Hugs at dei som evaluerer søknaden ikkje nødvendigvis er ekspertar på feltet.

·       Få med kva som er gjort av tidlegare forsking på feltet.

·       Skildre problemet du vil løyse, og forklar kva innovasjon du foreslår som løysing.

·       Forklar korleis forslaga dine vil påverke samfunnet.

·       Kom med døme på korleis forslaga dine kan setjast i verk.

·       Vis at teamet ditt har god og relevant kompetanse, kva dei har publisert tidlegare, og korleis dei kan bidra til eit godt resultat.

·       Skildre aktivitetane du vil gjere i prosjektperioden.

·       Skriv korleis du vil finansiere prosjektet og kor mykje du forventar av EU-kommisjonen.

Member Login
Welcome, (First Name)!

Forgot? Show
Log In
Enter Member Area
My Profile Not a member? Sign up. Log Out