HOVEDMÅL

Første kjernegruppemøtte i mars 2017.

Første kjernegruppemøtte i mars 2017.

Gjennom EU-nett SFJ får innovative verksemder høve til å samarbeide med offentlege etatar og forskarar om å utvikle gode idear og løfte dei til eit internasjonalt nivå.

EU-nett SFJ vil prioritere områda energi, miljø, klima og IT. Alle som ønskjer å følgje aktivitetar innan desse områda, kan delta i nettverket. Nettverket er ope for aktørar frå offentlege etatar, næringsliv og FoU-miljø i Sogn og Fjordane. Gjennom nettverket vil deltakarane få informasjon om kva moglegheiter som finst innan Horisont 2020, korleis dei bør gå fram, og kven dei kan samarbeide med.

Målet med nettverket er at næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø i Sogn og Fjordane i auka grad skal delta i Horisont 2020. For å lukkast med internasjonalt FoU-arbeid trengst det mellom anna ein god prosjektidé, innsats over tid, internasjonalt nettverk, samarbeid med FoU-aktørar og kompetanse i eiga verksemd. Deltaking i EU-nett SFJ gjer dette arbeidet lettare.

Medlemmane i nettverket kan delta på møte, kurs, arbeidsverkstader og konferansar for å auke eigen kompetanse. Nettverket vil nytte lokale ressurspersonar, men også hente inn kompetanse utanfrå. Det vil bli brukt digitale verktøy for å auke utvekslinga av idear og informasjon til og mellom medlemmane. Nettverket vil også arrangere studieturar til Brussel og Horisont 2020-arrangement i Norge og Europa.

Gjennom nettverket vil medlemmane få informasjon om relevante program og prosjekt.

EU-nettverk Sogn og Fjordane er støtta av Forskningsrådet. Forskningsrådet sitt mål med å støtte EU-nettverk er auka mobilisering og deltaking i Horisont 2020, gjennom auka kompetanse, betre samarbeid mellom sentrale aktørar, læring og deling av god praksis og utvikling av alliansar.

Organisering av nettverket

Ei tverrsektoriell kjernegruppe samarbeider om å utvikle strategiar, planlegge tiltak og gjennomføre aktivitetar.
 

Kjernegruppa består av:

  • Prosjektleiar Zuzana Nordeng, Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet. Zuzana Nordeng har skrive doktorgradsavhandling om finansieringssystema i EU og har jobba i EU-kommisjonen sine direktorat.
  • Delprosjektleiar Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking. Øyvind Heimset Larsen har bidrege i ei rekke regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt som prosjektleiar og forskar ved Vestlandsforsking. Han har ansvar for kontakten mot næringslivsaktørane i EU-nettverket.
  • Sogn og Fjordane næringsråd ved Leon Bakkebø. Det nye næringsrådet skal samordne og fremje næringslivet sine interesser.
  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ved Svein Helge Steinsåker. Steinsåker leier Fylkesmannen si klimasatsing. Fylkesmannen er også leiar av IT-Forum Sogn og Fjordane.
  • Høgskulen på Vestlandet ved Erik Kyrkjebø, viserektor FoU. Høgskulen har ambisjonar om å utvide og forbedre sitt internasjonale FoU-arbeid.


Ei koordineringsgruppe skal jobbe for brei deltaking i nettverket og samarbeid på tvers av sektorane. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Innovasjon Norge for Hordaland og Sogn og Fjordane og NHO Sogn og Fjordane er med i koordineringsgruppa.

Kjernegruppe møte i mars 2017 med Ivar Petter Grøtte (Vestlandsforsking), Arild Bødal (Sogn og Fjordane Næringsråd), Svein Helge Steinsåker (Fylkesmannen), Merete Lunde (Vestlandsforsking), Zuzana Nordeng (Vestlandsforsking) og Erik Kyrkjebø (HVL) fra venstre. 

Kjernegruppe møte i mars 2017 med Ivar Petter Grøtte (Vestlandsforsking), Arild Bødal (Sogn og Fjordane Næringsråd), Svein Helge Steinsåker (Fylkesmannen), Merete Lunde (Vestlandsforsking), Zuzana Nordeng (Vestlandsforsking) og Erik Kyrkjebø (HVL) fra venstre. 

Kva er Horisont 2020?

Horisont 2020 er EUs forskings- og innovasjonsprogram. Måla med Horisont 2020 er å løyse framtidige samfunnsproblem, skape økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Programmet har eit budsjett på 80 milliardar euro for perioden 2014-2020. Det skal støtte forsking og innovasjon med stor samfunnsnytte. Norske søkjarar stiller på lik linje med søkjarar frå EU-land.

 

Member Login
Welcome, (First Name)!

Forgot? Show
Log In
Enter Member Area
My Profile Not a member? Sign up. Log Out