Erfaringar og tips

Samarbeid med de store aktørene

nLink- en Sogndalsbedrift spesialisert innen robotikk ble i 2017 partner i H2020-prosjektet Hephaestus.

– Eit EU-prosjekt er ikkje berre, berre. Alt skal dokumenterast, og det følgjer med eit stort ansvar for riktig bruk av skattebetalarane sine pengar. Å samarbeide med store aktørar tek også tid, og det er ganske tunge prosessar. Det tek tre-fire år før vi har ein prototyp. Aleine hadde vi kanskje greidd det raskare, men det hadde ikkje vorte like bra. Det er veldig lærerikt å sjå kor grundig dei store aktørane jobbar, seier Konrad Fagertun.

Får verdifullt nettverk

Ein verdifull konsekvens av prosjektet, er nettverket nLink får.

– Vi møter sjefar hos dei store aktørane som vi ser opp til, folk som kan ekstremt mykje og har jobba med robotikk i 20-30 år. Dei anerkjenner det vi gjer og har same visjon som oss – visjonen om at det skal kome mykje robotikk på byggjeplassane. Vi har allereie snakka om moglegheita for nye samarbeid, seier Fagertun.

Tips til andre bedrifter

  1. Det er viktig å planlegge søknaden godt, for man blir målt opp mot den og dens delmål for all fremtid.

  2. Bli godt kjent med de andre partnerne, og bruk mye tid på å avklare hvem som gjør hva i prosjektet. Det er lett at man fordeler litt arbeid til alle, og når pengene skal fordeles, er det ikke sikkert at de reflekterer jobbene som må gjøres av hver partner.

  3. Ellers er det å stålsette seg på god dokumentasjon, og lange videomøter.

Nettverksbygging som opnar opp for nye oppdrag

Det vesle bedriftsrådgjevingsselskapet Segel AS på Nordfjordeid blei i 2012 invitert inn i det 4-årige EU prosjektet «RETROKIT» av Europas største forskingsorganisasjon – Fraunhofer i Tyskland. Prosjektet hadde fokus på rehabilitering av bustadblokker i Europa ved å bruke m.a pre-fabrikkerte fasadar med integrerte ventilasjonsløysingar. Segel vart invitert med fordi selskapet hadde tidlegare vore med i utviklingsprosjekt saman med m.a Fraunhofer der selskapet demonstrerte sine kunnskapar innan marknadsutvikling og innsikt i avgjerdsprosessar i komplekse investeringsprosjekt. 

I eit anna EU-finansiert prosjekt; COHERENO, var Segel ansvarleg for fasilitering av etablering av 24 «One Stop Shop» for oppgradering av einebustadar i fem land.  

Sidan EU-prosjekta har gått over 3 og 4 år har dette ført til nye nære relasjonar til både bedrifter, forskings- og høgskulemiljø i fleire land. Dette er i dag til stor nytte både for Segel sjølv og for kundar av selskapet. Nettverket gjev tilgang både til nye oppdrag og til kunnskapsmiljø som kan bidra inn i norske prosjekt.

Tips og erfaringar

  1. For store prosjekt er det krevjande å utforme sjølve søknaden. Segel har derfor lagt vekt på at vi inngår partnarskap med aktørar som har tung erfaring i å leie slike prosessar.  I det siste prosjektet, som vi initierte, tok vi derfor kontakt med eit større internasjonalt forskingsinstitutt til å ta på seg koordinator-rolla.  I søknadsprosessen kan vi derfor konsentrere oss om det faglege som vi har god kunnskap om, og så tek koordinatoren seg av alt det med formalitetar inn mot EU-systemet. 

  2. I gjennomføringsfasen av eit EU-prosjekt som typisk går over ca 3 år, handlar det om å jobbe målretta og strukturert innan kvar av dei definerte «arbeidspakkane». Kvar arbeidspakke er samansett av bedrifter, forskingsinstitutt og evt andre utifrå kompetansen som ein har. Både ved å dele kunnskap og bryne sine ulike meiningar mot kvarandre, vil ein gradvis klare å utvikle resultat som kan kommersialiserast i etterkant av prosjektet.

  3. Når ein har samarbeid med andre aktørar i ulike land i prosjekt som har gått over fleire år, så får ein utvikla nettverk som er nyttige både marknadsmessig og som kanal for å oppdatere seg om kunnskap innan sine fagområde.

Member Login
Welcome, (First Name)!

Forgot? Show
Log In
Enter Member Area
My Profile Not a member? Sign up. Log Out